Industri Energi sine nettsider

Havvind, Hydrogenproduksjon og CCS satsingen burde vært på Mongstad.

Leiar i Industri Energi Equinor Mongstad, Kjetil Gjerstad reagerer på eit oppslag på E24.no, om satsing på Havvind, Hydrogenproduksjon og CCS i UK.–Støtte til hydrogen og CO2 rensingEtter å ha satset tungt på havvind pumper britene penger inn i hydrogen og CO₂-rensing, med Equinor på laget.– Nå går de i bresjen igjen, sier Equinor-topp Irene Rummelhoff.Dette melder E24.no LINK  

Kjetil Gjerstad, leder Industri Energi Equinor Mongstad.

Industri Energi Mongstad meiner at norske myndigheiter og leiinga i Equinor må følge opp. Denne artikkelen skulle jo sjølvsagt ha handla om Mongstad. Det er her me har verdens ledande kompetanse på CO2-rensing, her har me gass rett inn til anlegget, her produserer me allereie hydrogen og her har me kort veg til framtidig CO2-lagring.
Då er det skuffande at Equinor sin landanlegg-del ikkje brukar denne moglegheita til å skapa norske arbeidsplassar.
Equinor skal vera ein del av det grøne skifte, Mongstad er og skal vera ein del av det grøne skiftet.
Då forventar Industri Energi Mongstad at Equinor brukar kompetansen me har på Mongstad til å sikre og utvikla arbeidsplassar på Mongstad.
Om det er manglande politisk vilje i Norge?

Rummelhoff, ta kontakt med Industri Energi.
Er det noko Industri Energi og LO har vist det siste året, så er det styrke til å skape politisk vilje til utvikling av Norsk Industri og norske arbeidsplassar.