Industri Energi sine nettsider

Lærlingeinntaket Equinor 2018

Måndag 13. August var fyrste dag for 159 nye lærlingar i Equinor. Det er svert gledeleg at me i Equinor igjen syner at framtidas fagarbeidarar er viktig å leggja grunnlaget for.

 

Faga me tar inn lærlingar i er Automasjon-, Elektrikar-, Industrimekanikar-, Kjemiprosess-, Kokke-, Kontor og administrasjons-, Kran og løfteoperasjons-, Laboratorie-, Logistikk-, Telekommunikasjonsmontør-, og Energimontørfaget samt TAF Industrimekanikar. Lærlingeplassane er fordelt på våre 6 landanlegg, kontorplassane Stavanger, Porsgrunn og Rotvoll og 19 av våre sokkelinstallasjonar samt at Ny energi (NES) tar inn lærlingar i Energioperatørfaget som skal ha delt opplæring mellom Mongstad og Sheringham Shoal. Lærlingeinntak skjedde lokalt på kvar læreplass måndag, men sokkellærlingane starta på Sandsli

Tysdag inviterte Industri Energi equinor alle sokkel-, Mongstad- og Sture/Kollsnes- lærlingane til ei samling med lett servering og informasjon om vårt tilbod som største fagforeining i selskapet. Våre ungdomstillitsvalde Lone Stormoen (sokkel) og Amalie Algrøy (Sture/Kollsnes) sto for arrangementet og gjorde ein kjempejobb for dei 75 frammøtte lærlingane. Målet med ei slik samling er å ynskja ungdomen velkomen til selskapet og synleggjera viktigheta av fagforeining og den norske modellen.

Tilsvarande samlingar vert gjort lokalt på andre læreplassar av i dei lokale Industri Energi equinor foreiningane.