Industri Energi sine nettsider

Midlertidige får no fast jobb på Mongstad

Det er med stor gledje leiar for Industri Energi  Equinor Mongstad  kan  melda at mange midlertidige på raffineriet no får fast jobb.

Leiar av Industri Energi Equinor Mongstad, Kjetil Gjerstad.

På Mongstad er det mange fagarbeirar som er utlånt til CO2-teknologisenteret på Mongstad (TCM).
Dette har ført til at me oppgjennom åra har hatt mange nye fagarbeirar som har blitt tilsett som vikarar og midlertidige for å erstatte dei som er utlånt til TCM.
No som selskapet har gått ut med ekstern rekruttering av fagarbeirar kravde Industri Energi Equinor Mongstad fast tilsetting av dei midlertidige. Me fekk god hjelp frå advokat i Forbundet Industri Energi til å komma med gode argument for kvifor vikarar skulle få fast jobb før tidsfristane i Arbeidsmiljøloven var oppfyld.
Industri Energi Equinor Mongstad er glad for det gode samarbeidet me har hatt med bedriften i denne saken, seier leiar for Industri Energi Equinor Mongstad Kjetil Gjerstad.
Gjerstad beklager at ein ikkje har klart å få alle med midlertidige kontrakter fast tilsett, og lovar difor fortsatt fokus på dette frå Industri Energi på Mongstad.